Cape Kidnappers

Cape Kidnappers

Cape Kidnappers eller på maori Te Matua-a-Maui ('fiskekroken til Maui') er eit nes heilt søraust i Hawke Bay på austkysten av NordøyaNew Zealand. Det ligg 20 km søraust for byen Napier.

Cape Kidnappers, med ein stor australsulekoloni midt i biletet
Australsulekoloni på Cape Kidnappers

Neset ligg heilt i enden av ei åtte km lang halvøy som stikk ut i Stillehavet. Det fekk namn etter ei hending der lokale maoriar freista å bortføra ein av mannskapet - ein tolk frå Tahiti som dei meinte vart halden der mot sin vilje - på skipet til kaptein James Cook, «Endeavour» i 1769.[1] Maorinamnet kjem frå legenda om Nordøya som vart fiska opp or havet av halvguden Maui.[1]

Neset er tilhaldsstad for ein stor koloni australsuler. Her ligg òg ein verdskjend golfbane.

  1. 1,0 1,1 L. Harper; T. Mudd; P. Whitfield; D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: Roughguides. s. 487. ISBN 1-84353-679-X. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy